søndag 17. februar 2008

Terror som maktmiddel

11.september, 2001, 9:02:59 - Den andre jumbojeten styrtar inn i World Trade Center i New York, USA. I denne augneblinken set millionar av menneske klistra framføre fjernsynsskjermane, ute av stand til å skjøne kva som nettopp har hendt. Terroren har ramma verdas supermakt. I dei følgjande minutta, timane og dagane spreiar frykta seg over heile verda. I vekene etter angrepa stupte aksjekursane verda over, særleg turistnæringa blei hardt ramma. USAs president, George W. Bush, lanserte kampanjen ”Krigen mot terror” som skulle hindre spreiinga av terror. Paradoksalt nok synte alle desse etterverknadene at terroristane hadde oppnådd mykje av det dei ynskja med aksjonen.

Ei av hensiktene med aksjonen var å uttrykkje ein verdi. Dette er ein av de fire, vanlegaste motiva bak terrorisme. I dette tilfellet var verdien at USA skulle halde seg utanfor politikken i Midtausten. Samstundes var aksjonen ein avskyerklæring, det vil seie at den var meint som ein proklamasjon av terroristanes aversjon mot USA. Grunnen til dette problematiske forholdet var supermaktas støtte til Israel og militærbasar i Saudi-Arabia . Ein annan pådrivar bak slike aksjonar er mangel på midlar. Når ei gruppe ikkje har andre, effektive handlingsalternativ å velje mellom, ser nokon terrorisme som løysinga. Dette har samanheng med at terroristane ofte tilhøyrer den underliggjande parten. Noko som var høvet i terrorhandlinga mot USA - ein aksjon var den einaste måten å få respons frå styresmaktene på. Ein tredje intensjonen bak terrorisme er at ein vil oppnå ein effekt.

Det er her makt kjem inn i bilete – effektane gjev bakmennene, direkte og indirekte, makt. Denne samanhengen er terroristane fullstendig klar over. Kommunikasjon er ein av desse effektane. Terroristane har som mål å formidle sin ståstad til massemedia og med merksemda frå ein omfattande terroraksjon får dei sjansen til dette. Til dømes var verdas auge retta mot hendinga og bakmennene i lang tid etter dei aktuelle angrepa i USA, noko som gjev klart makt. Krisemaksimering kan også nemnast som ein effekt. Ein vil provosere fienden til å overreagere og gjere tabbar, slik at fiendens eige folk mistar trua på den. I den forstand får terroristane makt gjennom at dei indirekte tvingar fienden til å gjere eit trekk. Bush si kampanje mot terror er eit døme på dette. Ein annan effekt er utpressing. Ved utpressing gjev terroristane fienden eit ultimatum. Dette skjedde i Russland, 1.september 2004 , då tsjetsjenske seperatistar tok ein heil skule som gislar. Gisseltakarane forlangte at russiske troppar skulle trekkje seg ut av Tsjetsjenia, elles ville dei byrje å drepe gislar. Maktperspektivet spelar inn i denne terrorhandlingenen ved at terroristane prøvde å presse staten til å gjere bestemte handlingar. Viss styresmaktene hadde gått med på dette, hadde det vore som om terroristane hadde fått kontrollen over staten. Ein fjerde effekt er å setje fienden ut av spill gjennom bruk av vald og sabotasje. Då flya øydelagde USAs symbol på internasjonalt økonomisk herredøme skada dette økonomien til landet. Det at nokre få flykaprarar kunne endre økonomien til eit slikt dominerande land, vitnar igjen om at terrorisme skaffar ein makt. På sett og vis har alle dei ovanfornemnde effektane sitt utspring i frykt, sidan redsel utløysar desse effektane. Terror tyder nemleg skrekkvelde – makt gjennom frykt. Ein mindre vanleg effekt er diskreditering. Målet for terroristane er då å rette mistillit mot andre grupper ved å gjennomføre aksjonar i deira namn. Dette er for at tilhengjarane til desse gruppene skal slutte å støtte dei og dermed føre til ei svekking av gruppene. Dette har vore mest vanleg i terroraksjonar i Italia.

Ein annan grunn til at folk grip til slike aksjonar er at slike handlingar kan brukast som middel til å halde organisasjonen saman. Aksjonen blir utført på grunn av utolmod og misnøye innetter organisasjonen. Gisseltakinga i Beslan er igjen eit døme på ein aksjon med eit slikt motiv. Terroristane forsøkte å få til ei endring ved å krevje at tsjetsjenske krigarar, i russiske fengslar, blei slepte fri. Men Russland ettergav ikkje nokon av krava til separatistane.

Gisseltakinga i Beslan er ein kjend terroraksjon i nyare tid. Likevel kan ingen aksjon i verdshistoria seiast å vere meir vidkjend enn angrepa på World Trade Center. Terroristorganisasjonen, Al-Qaida, som stod bak hendinga er såleis den mest notoriske organisasjonen. Al-Qaida er eit internasjonalt nettverk av sunni-muslimske fundamentalistar. Organisasjonen blei grunnlagt av Osama Bin Laden i Afghanistan i 1988 for å kjempe mot den sovjetiske okkupasjonen. Ei anna kjend terroristgruppe er Hamas. Hamas er ei palestinsk islamistisk organisasjon som er i mot staten Israel. Denne organisasjonen blei stifta i 1987 av Ahmed Yassin og Mohammad Tahasent.

Populær kulturen, for eksempel film, gjev ein gjerne inntrykket at det er berre grupper med tilknyting til islam som driv med terrorisme. Dette er ein heilt feil framstilling og terroristgruppene ETA, IRA og Tamiltigrane er døme på unntak. ETA (Euskadi Ta Askatasuna) blei til i 1953 av unge nasjonalistar og er ei baskisk frigjeringsrørsle. ETA er ei europeisk rørsle som kjempar for eit sjølvstendig Baskerland, frigjort frå Spania og Frankrike. IRA (Irish Republican Army) oppstod som ei opprørsrørsle mot britisk overherredøme i Nord-Irland i1969. Medan Tamiltigrane er ei asiatisk separatistrørsle som blei oppretta på Sri Lanka i 1976 med eit ynskje om å få til ein uavhengig tamilsk stat.

Terrorismen har endra seg ein del dei siste åra. Aksjonane føregår i ein større skala enn før – det er ikkje berre to eller tre personar som blir drepne under ein aksjon. Døme på slike store terroraksjonar er angrepa i USA (11.september 2001), i London (7.juli 2005) og i Madrid (11.mars 2004). Eit anna trekk er at det har kome fram grupper med andre ideologiske motiv enn å sikre eigen nasjonalstat. For eksempel var Al-Qaidas eigentlege mål bak terrorhandlingane i USA å eliminere USAs politiske innblanding. Det har også vore ein tendens til at terroristgruppene ikkje lengjer kjem med krav til fienden, men heller berre vil føre ein krig. Etter angrepa på Londons undergrunn kom ikkje dei skuldige med nokon krav. Årsakene til aksjonen er difor framleis uvisse. Det verka som at meininga bak aksjonen kun var øydelegging og skapa frykt.

Viss destruksjon og frykt er dei einaste motivasjonfaktorane bak slike handlingar, får terroristane iallfall endeleg oppfylt målet sitt. Tidlegare var målsetjinga for terrorismen å oppnå eit gode, som politisk fridom. Problemet var at med slike handlingar risikerte terrorgruppene å kome endå lengre i frå sitt ultimate mål. Aksjonane klarte kanskje å vippa fienden litt av pinnen eller fange massemedias merksemd for ein periode, men i det lange løp var det fienden som enda opp med sympatien. Terrorhandlingar gjorde også fienden endå mindre villig til å inngå endringar. Atter ein gong er 11.september eit godt eksempel, for ”Krigen mot terror” har berre ført til ytterlegare innblanding av USA og Vesten i Midtausten. Historia tilseier at slike aksjonar verkar kun mot sin hensikt. Så er terrorisme verkeleg eit alternativ for grupper med små sjansar for gjennomslag? Likeins kan ein stilla spørsmål om ein krig mot terror er måten å takle terrorisme på. Talet på store terroraksjonane etter 11.september 2001 manifesterar nemlig ikkje denne meininga.

Ingen kommentarer: